Vi starta frå gardstunet hjå bonden vi jakta hjå, og gjekk i retning eit høgdedrag der gnuen brukte å like seg. På tur gjennom det halvtette bushlandskapet støkte vi opp fleire vortesvin, som eg nok kunne felt om eg hadde vore klaar med børsa. Men denne dagen var det altså fattigmannsbøffelen som var målet, i alle fall i første omgang. På vegen oppver traff vi også ein flokk Black Wildebeast, eller Whitetailed Gnu, som passerte oss i stor fart. Det var verkeleg eit mektig syn. Den blå slektningen var det derimot mindre å sjå til, inntil vi runda ein liten topp, og såg utover eit stort ope område med lite vegetasjon. Langt der borte kunne vi i kikkertane sjå ein flokk med nettopp det vi var ute etter: Blue Wildebeast!
Men no var gode råd dyre, ettersom det var lite skjul å finne i riktig retning. Vi velde likevel å prøve ei lang, krypande og ålande ansmygning, i skjul av diverse småbusker. Vel hundre meter frå flokken låg det eit litt større og tett buskas, som vi håpte å nå. Heldigvis hadde vi gunstig vind, og etter førti slitsomme minutt på knena kunne vi åle os inn i buskaset. No gjaldt det berre å finne ei opning der det gjekk an å skyte. Eg fekk lirka børsepipa ut mellom to greiner, og fjerna dei små tustane som stakk framfor pipa. No var det berre å vente til det rette dyret reiste seg, noko som skulle vise seg å ta lenger tid enn vi trudde. Dyra hadde tydelegvis lagt seg til for dagen, og såg ikkje ut til å ha planar om å flytte seg med det første.
Då dyret eg venta på i tillegg forsvann feil veg med det same det reiste seg, fall valet raskt på eit anna eksemplar som stod lagleg til. Eg svinga børsepipa over, fann bogen og skaut. Skotet såg bra ut, men det er ikkje uvanleg at desse dyra reiser eit stykke sjølv etter gode skot. Vi tok det difor med ro medan flokken reiste, inkludert dyret eg hadde skote på.
Vi hadde spora etter flokken i om lag 500m då vi fann dyret. Det hadde lagt seg til ved nokre busker og sovna inn der. Det viste seg at kula hadde gått inn femten centimeter for langt bak, og kanskje litt på skrå. Den forklaring eg har kome til er at eg må ha hatt ein kvist i skotfeltet då det small, ettersom eg flytta pipa litt før eg skaut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar