mandag 2. mars 2009

Hjort fort gjort!

Om ein ser vekk frå fråværet av vegetasjon, kunne denne lia ha vore kvar som helst på vestlandet. Men denne gongen var vi endå lenger vest, nemleg i Kintail i Nord-Skottland. Vi var i tillegg til underteikna den lokale sjefsstalkeren Colin, og Eivind. Colin hadde med si velbrukte Remington 78 i 270 Winchester, medan Eivind og eg skulle stå for skytinga.



Frå dalbotnen langt der nede hadde vi observert ein mindre hjorteflokk, og det var denne vi klatra oppover mot. Den siste halvtimen hadde vi ikkje sett dyra, og sjølv byrja eg å misse oversikten over akkurat kvar i lia vi befann oss. Etter ei strabasiøs friklatring i eit bekkefar kom vi opp i ei renne i dalsida, der det var enklare å forflytte seg. Og eg kjende no att denne renna som eit punkt eg hadde merka meg nedanifrå, og visste at dyra kunne dukke opp når som helst. Og med det same var dei der, på den andre sida av ein bratt liten kant. Eg overtok Remingtonen frå Colin, og klatra forsiktig oppover i dekning av ein stor stein. Colin klatra etter meg, for å kunne plukke ut dei dyra han ville ha avliva. Vi kom opp til steinen, og dei neste 20 sekunda vart meir actionfylde enn eg hadde tenkt på førehand.

Med det same eg fekk ei kolle klar gjekk skotet. Dyret kasta seg rundt og forsvann bak den neste kanten. Dette med å skyte kolla før kalven er heilt normalt mellom yrkesjegrane i Skottland, og dessutan var vi usikre på om denne kolla hadde kalv i det heile. Ettersom skotet såg bra ut flytta eg trådkorset til ein kalv lenger nede i lia, og let skotet gå. Kalven datt i smellen og i det same vart eg var ei ny kolle som dukka opp frå venstre. Eg tok raskt ladegrep, og pressa avtrekkaren inn. Men ingen smell kom, og ein nytt ladegrep avslørte att kammeret var tomt. Då det neste avtrekket resulterte i ein ny klikk steig pulsen raskt, og mykje fikling måtte til før eg endeleg fekk skotet opp frå magasinet og inn i kammeret. Kolla hadde flytta seg eit stykke, men var endå på skothald, og denne gongen small skotet som den skulle. Kolla markerte for treff, og la seg ned etter nokre vaklande steg.

Då vi kom fram til skotplassen f0r den første kollam oppdaga vi at denne hadde teke turen utfor eit tredve meter høgt stup, men då vi kom ned var det utruleg nok ikkje gått hol på vomba. På tur ned lia fekk eg auge på ein grevling som kom luskande mot meg. Eg gjekk Colin i møte for å hente børsa, men reaksjonen til Colin var ikkje som venta då eg sa der gjekk ein grevling i lia. Colin hadde gått i desse fjella i heile sitt liv, og aldri sett ein grevling før! Det viste seg at desse var freda og utruleg sjelde i dette området. Jaggu godt eg ikkje hadde børse med sjølv..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar