lørdag 7. mars 2009

Sako går Amerika(9,3 attende i Afrika)

9,3mm. Ein kulediameter europeiske jegrar har vore glade i i lang tid, og i seinare tid har den vorte meir og meir populær her i Noreg. Mest brukt er 9,3x62 Mauser, og ekvivalenten i krageform: 9,3x74R. Til elgjakt har 9,3-patronene vorte meir og meir populære, både i bolt- og dobbelrifler. 9,3 er kort og godt europas eigen 375.

Som på alle område handlar det i våpenbransjen om å lage noko som er betre enn det som finst, i alle fall å få kjøparane til å tru det. Difor kom først 9,3x64 Brenneke, som er endå meir lik 375 H&H i yting, og så sist frå Finland i 2002/03: 9,3x66 Sako. Denne patrona har fått nokså lite merksemd etter lanseringa, og difor har no Sako valgt å lansere den i Amerika, i samarbeid med Federal. Og når kaliber skal lanserast i Amerika, og Federal står bak, ja då skal kaliberdiameter rundast opp til næraste "heile" tal, og "magnum" skal leggjast til. Slik er det berre. Og slik er det at Sakos 9,3x66 no har vorte til 370 Sako Magnum.

Grunnen til at eg fatta interesse av denne saka, var ein artikkel av Craig Boddington i "Guns and Ammo". Boddington er lidenskapeleg afrikajeger, og testar stadig nye børser på m.a. bøffeljakt. Denne gongen var han saman med nokre av sjefane hjå Federal i Zimbabwe, og kort fortalt skaut dei seks bøflar med patrona, og ingen gjekk meir enn 50 fot. Det er uvanleg! I Zimbabwe er det forresten lov med 9,3mm på storviltjakt, så lenge eit visst energikrav er innfridd. 9,3x62 skal kunne klare dette kravet.

Dei nytta seg av Sakorifler i 370 Sako Magnum, ladd med normalkulevekta framfor nokon til 9,3mm: 286grs. Kula var Barnes TSX, og Barnes Solids(homogene heilmantlar). Det som er gunstig med patrona er at den passar i ein mekanisme med normal lengde("mauserlengde"), og ein får full magasinkapasitet. I tillegg skryt Boddington av glimrande presisjon og snill rekyl. Kva meir kan ein ynskje seg på bøffeljakt?

Artikkelen til Boddington kan lesast her:
http://gunsandammomag.com/cs/Satellite/IMO_GA/Story_C/Tough+Enough?packedargs=pagenum%3D1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar