tirsdag 3. mars 2009

På impalajakt med Contender

Thompson/Centers legendariske contender, som kan brukast som både rifle, hagle, munnladar og pistol, er i den sistnemnde utgåve svært populær mellom handvåpenjegrar. Sjølv om jakt med handvåpen er forbode i Noreg, er det utbreidt andre stader, t.d. i USA og Afrika. Då eg under ei jakt i Sør-Afrika fekk tilbod om å låne ein Contender i kal. 30-30 Winchester, let eg ikkje sjansen gå frå meg. Som aktiv pistolskyttar visste eg at eg med denne reiskapen kunne samle skota på under 3 cm på 70-80m.

Vi sneik med forsiktige steg mot skogkanten, der vi ville ha fritt utsyn til dei fire impalabukkane som sto ute på sletta. Eg hadde sagt frå til Hayden at han skulle setje seg ned med ryggen mot dyra så snart vi hadde klart skotfelt, og i det vi kom fram i skogkanten gjorde han nettopp det. Han er ein røsleg kar, så når eg sette meg rygg mot rygg med han, og knea løfta, fekk eg god støtte for contenderen. Eg hadde stilt 2-7x leupolden på 5x, og siktekorset låg dønn roleg då eg spende hanen så forsiktig eg kunne, og fann bogen på ein gamal bukk. Eg pusta roleg nokre gonger, og pressa avtrekkaren inn. Skotet small, og bukken teikna tydeleg for skotet idet han sette inn ein lynrask spurt mot næraste bushområde.

Då vi ikkje fann bukken med det same, gjekk vi attende til bilen og henta rifla som reservevåpen. Deretter starta vi ettersøket saman med Sid, bonden vi jakta hjå denne dagen. Vi delte oss, og kort tid etter ropte Sid ut, bukken var funnen! Vel framme kunne vi konstatere at kula hadde gått inn lågt bak bogen, altså eit godt plassert skot. Under slaktinga viste det seg at Nosler BT-kula hadde delt seg ved treffet, og gått ut for langt bak på motsett side. Sjølv i såpass låge hastigheiter som ein får i ein 30-30 kan altså blykjerna i slike kuler dele seg frå mantelen.



Handvåpenjakt er utruleg spanande, ettersom ein er avhengig av å kome nærare dyra enn ein treng som riflejeger. Det skal mykje trening til for å skyte godt med handvåpen, men om ein kjenner sitt våpen godt står det ikkje mykje attende for ei rifle på moderate hald!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar