Dei siste åra har eg drive nokså mykje med støkkjakt etter skogsfugl, og draumen har jo sjølvsagt vore å skyte ein tiur. Men akkurat det er slettes ikkje så beinkløyvt.
Det var første dagen i den opne skogsfugljakta hausten 2007. Det var godt med fugl i terrenget, og eg hadde fått ei røy på føremiddagen. Etter lunsj rusla eg inn i eit kuppert område med mykje gammalskog, og var sjølvsagt ekstra på vakt. Framme ved ei opning der eg hadde god utsikt mot ein nærliggjande topp, stansa eg. Eg hadde vel stått der ein ti sekund kanskje, då det eksploderte i svarte vengjer oppe i lia. På femten meters hald letta han, sjølve gammalerik. Og som om ikkje det skulle vere nok, steig han sakte på skrå mot meg, rett og slett alt du kan drøyme om. Med rolege rørsler la eg BRNO sideliggaren til skuldra, drog gjennom den store svarte og skaut. I det same såg eg han trakk seg saman, og var sikker på at han skulle dette. Utruleg nok klarte han å sigle vidare, så då han var på 25 meter skaut eg skot nummer to, før han var vekk mellom grantoppane. Med puls på 150 sto eg der, og lytta etter det tunge dunket av ein tiur som treffer bakken, men det var stille. Eg lada børsa for å gå etter i same retning og hadde vel teke to steg då det på nytt eksploderte ovanfor meg. Og no var det heile kullet som ville vekk. Ein etter ein flaug unge tiurar og røyer over meg, og to skot forlet hagla. Begge var retta mot svartfuglar, men dei flaug like godt. Eg treng vel kanskje ikkje fortelje at ettersøket vart resultatlaust, og denne oktoberdagen kjem eg nok aldri til å gløyme…
Hausten 2008 gjekk mot slutten då eg ein ettermiddag var på heimveg over nokre hogstflater med små granklynger her og der. Eg hadde fått ein fin gamal orrhane like før, og var eigentleg godt fornøgd med dagen. Då eg var 12-13 meter frå nokre graner skvatt eg til, og vart stiv i blikket. Der mellom granane sat det forsyne meg ein tiur, og i same augneblink kasta han seg ut på motsett sie. Så fort eg kunne skaut eg to skot mot den svarte skuggen, og såg han misse fart der ute på flata. Eg lada børsa og sprang fram, men fuglen var ikkje å sjå. Med bestemte steg gjekk eg mot ein kan litt lenger framme, og der braka det til igjen. Eit sot var alt eg rakk før han fekk kasta seg ut og sigla nedover lia og var vekk. Eg sto att med pulsen dunkande og eit minne for livet. Heller ikkje denne gongen gav ettersøket resultat.
Men neste år, då skal han ned…
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar