mandag 2. mars 2009

Mitt heldigaste skot

Vi låg på ein haug med oversikt oppover lia på baksida. Innimellom buskene kunne vi skimte nokre impalabukkar, og eg venta berre på at den største bukken skulle eksponere seg. Haldet var ganske langt, men sidan eg låg med støtte på ein stein og var innskoten på 200m meinte eg det skulle gå bra. Langt om lenge kom endeleg bukken fram, men før eg fekk skote på han trakk han raskt oppover i lia. Eg følde han i siktet, og då han stoppa ein augneblink i ei opning let eg skotet gå. Bukken teikna for treff, men fekk kasta seg inn i noko tett bush. På veg til skotplassen kom eg på at eg hadde halde rett i bogen på dyret, medan eg burde ha helde ein del over på det haldet bukken sto på då eg skaut.


PH Hayden hadde med seg sin irske terrier, og då vi fann blod på skotplassen slepte han hunden. Denne forsvann i same retning som bukken, og det tok ikkje mange sekund før det var full los inne i tetta. Det gjekk litt rundt der inne, før dei drog ut på motsett side. Losen runde attende, og kom mot oss i ei enormt tempo litt lenger nede i lia, slik at det vart eit reint sideskot. Børsa kom til skuldra, eg svinga i retning bukken og skotet gjekk. Og aldri har eg vel sett slik ein skotreaksjon! Bukken stoppa i spranget, rulla nokre meter og vart liggande. Eg kan hugse at eg såg hovudet på dyret i siktet då det small, men visste ikkje kvar eg eigentleg hadde skote. Med nytt skot i kammeret sprang eg fram, berre for å konstatere at bukken var stein dau. Skotet hadde ved eit lukketreff gått inn rett under auget, og gjennom kraniet. Eg skaut sjølvsagt ikkje mot hovudet med vilje, men i ein slik situasjon er det viktigaste at ein får avliva dyret.

Det første skotet sat som eg hadde frykta litt for lågt, heilt nede i bogen. Sjølv om det heilt sikkert hadde vore drepande, kunne bukken ha kome langt om eg ikkje hadde råka med svingskotet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar