tirsdag 10. mars 2009

Jegerdraumar

Det er ein del jakter rundt om i verda eg berre veit at eg skal ha med meg før eg går i grava. Nokre av desse har eg skildra her:

Bøffeljakt i Afrika
Jakt på farleg vilt har eg tenkt mykje på den seinare tida. Det er heilt klart ein fasinerande tanke å jakte på vilt som kan ta igjen. Av dei fem store er det bøffelen som i første omgang tiltrekkjer meg, det har nok litt å gjere med pris også.. Og for ein over middels våpeninteressert jeger er jo det å byggje ei skikkeleg DG-rifle(Dangerous Game rifle) noko ein må gjere ein gong i livet. Bøffeljakta skal sjølvsagt foregå på gamlemåten, med sporing i tett bush.

Kudujakt i Afrika
Av antilopene i Afrika er nok Kuduen den mest kjende og berykta. Det er noko spesielt med dette store dyret med spiralhorna. Av alle antiloper eg ikkje har skote i Afrika, er det ein Kudu eg ynskjer meg aller mest.

Tradisjonell skotsk rypejakt
Tweedjakke, six-pence, slips og sideliggar. Slik eg føre meg den tradisjonsrike jakta på den skotske lirypa, red grouse. Her til lands kanskje best kjent som ”The Famous Grouse”.

Fjelljakt på Ibex(steinbukk)
Ibex er nok det viltet flest jaktar på i dei høge fjella i Asia, i tillegg til Marco Polo. Ibexen er også den mest økonomisk overkomelege. Jakt frå hesteryggen på mange tusen meters høgde har ei heilt spesiell dragning på meg, og er noko eg berre må ha med meg ein gong i framtida.

Vårjakt på bjørn
Å reise til Nord-Amerika for å jakte Bjørn på åte ville ikkje falle meg inn i mine villaste fantasiar. Når eg skal jakte bjørn skal han jaktast på våren, snikande med kikkert langs elvebreidder i villmarka. Bjørnejakt er noko som ligg i sjela til norske jegrar trur eg, frå den tida forfedrene våre skaut ned bestanden her heime.

Fjelljakt på New Zealand
Det vert sagt at New Zealand med sine høge tinderader er det land i verda som liknar mest på Noreg. Det er då sjølvsagt om ein ser vekk frå antalet og mangfaldet av vilt. I frodige dalar mellom høge fjell kan ein på New Zealand jakte gemse, thar og over ti ulike hjorteartar. Og her finst det friheit, dette er nemleg eit av få land i verda der ein kan jakte storvilt utan guide.

Europeisk drivjakt
Ei skikkeleg europeisk drivjakt, med villsvin, hjort, rådyr og/eller dåhjort i dreva er action for heile krona. Mogelegheitene er mange, men for meg er det kanskje eit godt revir i Polen som er mest attaktivt, pga. prisen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar