Remingtons store 7mm vart lansert i 1962, som følgje av ei enorm interesse for slagkraftige 7mm-patroner i USA. Patrona vart og er framleis den mest vellukka magnumpatron som nokon gong er konstruert.
7mm RM har standard magnumstøtbotn(.532in), og ei hylselengde på 2,5in(63,5mm). Den er altså i praksis ei 338 Winchesterhylse nedstrypt til 7 mm. Normalt har løp i kaliberet riflestigning på om lag 1:9 (Remington sjølv leverer sine rifler med riflestigning 1:9 ¼).
Ein av grunnane til den enorme suksess patrona har vorte, er det gode utvalet av alle slags kuler i kaliberet. Sierra og Hornady leverer lette holspisskuler på 100gr(6,5g), Nosler leverer sine standardsetjande Partitionkuler i ulike variantar og sjølvsagt vert alle dei ”store” superkulene levert i 160 og 175grs utgåver(i alle fall). T.d. kan nemnast Swift A-Frame og Trophy Bonded Bear Claw.
Min 7mm er ein 700 BDL, med løpet kappa på 57,5 cm. Dei siste åra har eg felt eit stort utval vilt med den, t.d. kråke, gås, rev, sel, rein og gnu. Skal eg på jakt der eg veit den kan bli krevande skot, er 7mm magnumen min mest trufaste føljesven, og når våryre råbukkar skal utfordrast på heimebane i Skottland til våren, vert sjølvsagt 7mm-en med. Dei kulene eg har brukt mest er 120grs Hornady V-Max, 140grs Nosler Accubond og 160grs Nosler Partition. I tillegg har eg brukt ein del Barnes X, 150grs Nosler Ballistic Tip og 150grs Norma FMJ.
Av krut brukar eg stort sett kun Norma MRP, som gir passleg hylsefylling og jamn hastigheit. Vihtavuori 160 og 165 er også greie val. Alle mine ladningar er med CCI 200 standard rifletennhetter og Normahylser.
Nokre favorittladningar har vorte:
120grs V-Max – 71grs MRP, 83mm, ca. 950 m/s
- Litt under max, men eg vel å stoppe der for å unngå ekstrem løpsslitasje. Er skremmande effektivt på kråke, måse, rev og liknande vilt som ikkje skal etast.
140grs Nosler Accubond – 67grs MRP, 83mm, ca 920 m/s
- Brukt på diverse vilt i Afrika, samt t.d. rein, sel og gås her heime. Svært flattskytande, men har opplevd seperasjon av mantel og blykjerne.
160grs Nosler Partition – 66grs MRP, 83.5mm, ca 885 m/s
- Vanvittig presis(under 15mm@100m). Kun brukt på ein rein så langt, men fungerte fint der. Vert med på bukkejakt i Skottland til våren.
(NB! Eg tek ikkje ansvar for bruk av desse ladningane, men ingen av dei er max i rifla mi)
For jakt på matfugl har Norma ein fin butt heilmanel på 150grs. Denne er å få som fabrikkpatron i Norma Jaktmatch.
For dei som syslar med langhaldsskyting på blink finst det mange gode matchkuler å oppdrive, t.d. 168grs Sierra Matchking, og Berger. Kaliberet er populært mellom dei som skyt konkurransar på 1000m.
For meg er dette jaktpatron med stor P, og eg kan leve med redusert magasinkapasitet og litt større løpsslitasje enn nokre standardkaliber.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar