søndag 1. mars 2009

Sauejakt i Njardarheim

Stadig fleire av oss nordmenn reiser til fjerne asiatiske himmelstrøk for å jakte Ibex, Marco Polo, Argali og andre villsauar. Og betaler så det svir. Men kvifor skal ein no eigentleg det, når ein har slike attraktive trofè gåande i eigne fjell?


(Før nokon ringjer til SNO i fortvilelse over tjuvjakt på norsk dalasau, vil eg understrekje at dette eksemplaret vart avliva etter ynskje frå eigaren.)

Under ei reinsjakt i Njardarheim traff vi ein sauesankar som hadde funne eit lam som sto fast på ei fjellhylle, og lurte på om vi kunne tenkje oss å skyte den. Ettersom det var lite rein å sjå, og eit bomskot med rifla på ein fjellrypestegg var dagens einaste resultat, var eg ikkje vanskeleg å be. Vi klatra oss ned på ei fjellhylle i høgde med lammet, og etter å ha lasermålt avtanden til om lag 180m, rigga eg meg til med 7mm magnumen. Dei neste bileta viser hendingsforløpet frå skotet gjekk til vi kunne studere resultatet:
















Ja ein "Norsk Dala" er verkeleg noko ein kvar sauejeger med respekt for seg sjølv bør ha i trofèsamlinga!
(Alle foto: Bjørn Erik Moe/Karl G. Hoven)

1 kommentar:

  1. Hekje du sympati for dissa stakkars heller? Her går dei rundt i fjell og skog for å bli til mat for oss mennesker og einaste dei fe tilbake er drittslenging ta sjølvaste Lars Monsen og ei kule fra dej. SKAM DEJ

    SvarSlett