lørdag 18. juli 2009

Revejakt i Juli

Jaktårets første vilt vart ein revekvalp om kvelden den 16. Juli. Køyrde ei runde i bygda for å sjå kvar det var slått, og sette meg så ved ei mark der det var meldt om jamn reveaktivitet den siste tida. Sette meg ned 2015, 2025 høyrde eg revelydar frå skogen, og to kvelpar kom ut og byrja leike seg. Eg kika på dei ei stund, venta til dei skilde lag og opna eld. Etter fire raske skot med 6,8 SPCen vart den eine liggjande att, noko som med rette må kunne kallast dårleg skyting.

Så får ein håpe ein er ferdig med slikt for i år....

Krasjlanding


onsdag 15. juli 2009

Jakta 09/10 er i gang!

Sjølv om enkelte artar har heilårsjakt er det jo liksom i dag det startar, med jakt etter rev og kråke. Sjølv var eg ute og prøvde mi nye Crit'r Call hareskrikfløyte i natt, som viste seg å vere uhyre effektiv......på hjort vel å merke.

Lokka først inn to spissbukkar som sto langt ute på ei dyrkamark, kom rennande rett mot posten min og stilte seg opp med breisida til. Flytta meg etterkvart til ein ny plass, der det var mykje skodde. Såg ikkje noko som helst, men etter ein serie hareskrik kom eit nytt ungdyr rennande gjennom skodda og stilde seg opp....

Generelt er det lite rev her i Volda, men ein kjem seg då ut!

Her kan ein lese meir om Crir'r Call:
http://www.critcall.com