fredag 14. desember 2012

Rådyrjakt i Trøndelag

Endeleg vart det ein tur på rådyrjakt. Vi kom fram til øya på trøndelagskysten tysdags kveld, og kunne med glede konstatere eit lett snøver utover kvelden, som resulterte i perfekte forhold på onsdags morgon. Øya har lite vegetasjon, og vi satsa difor på korte drev gjennom dei små skogklyngene. Etter først å ha sikta på både ein ung bukk og ei vaksen geit i det første drevet, fekk eg sjangsen på eit geitekje i det andre. Geit og kje kom opp langs ein kant, og då begge stoppa med breisida til på 70m var det igrunn ikkje noko å lure på.

Sidan eg nyleg kom heim frå Polen var det jo greit å overføre litt kontinentale jakttradisjonar til Trøndelag, og eg vert her tildelt ein kvist frå jaktguiden, som tradisjonen er lenger sør.






















Foto: Vegard P. Sollien

torsdag 13. desember 2012

Førjulsjakt i Polen

Er nyleg komen heim etter 3 dagar med jakt på hodyr og kalvar i Polen. Vi var 2 mann frå Noreg og 2 frå Danmark. Vel framme vart vi innkvarterte i huset til sjefen for reviret, med god standard.

















Det vart jakta delvis frå jakttårn, delvis ved å køyre rundt i terrenget til dyr vart lokalisert, og deretter jakte på desse. Sjølv skaut eg mine dyr ved postering i jakttårn. Totalt vart det felt 18 dyr desse dagane, fordelt på 1 hjort, 7 dåhjort, 7 rådyr og 3 revar.































Det vart også både observert og løyst skot mot villsvin, utan at nokon gris hamna på viltparaden. Etter villsvin er nok driv/trykkjakt meir effektivt, eventuelt nattjakt under måneskin. Vi er allereie i gang med planlegging av den slags til neste år...