torsdag 8. oktober 2009

Herleg årstid i skogen!

Det er ei herleg tid å vere i skogen, særleg når vêret er som dette:


Litt fugl var det også å sjå:


Elles vart årets første tiur observert:) Og så måtte eg sjølvsagt skyte bom på ein kjempesjanse på ein orrhane på slutten av dagen!

onsdag 7. oktober 2009

Bukkejakt på Eskdalemuir

Nokre bilete frå ein triveleg tur på bukkejakt i vår, sjølv om det ikkje vart så mange fellingar. Vi var plaga med mykje dårleg jaktvêr(les sterk vind), så vi hadde nokre dagar med svært lite dyrekontakt. Men det vart då 6 bukkar, og Adrian fekk seg ein riktig fin ein:


Vi jakta ein del i området rundt eit nedlagt småbruk:

Underteikna med sin kjempebukk, samt dei flesta av dei andre vi fekk:


Helge og Øystein slappar av etter ei hard jakt, klare for avreise til Edinburgh:


Sjølv om utbytet ikkje vart det heilt store hadde vi ein gild tur, som vi heilt klart kjem til å gjere om att!
(Alle foto: Adrian Elde)

tirsdag 6. oktober 2009

Tid for toppjakt?!

Det er tidleg i oktober, men når skogen ser ut som på biletet under er det nok tid for å ta rifla på ryggen framover.


Dagens jakt burde ha resultert i ei fin røy i sekken, men når ein ikkje greier å få av sikringa før ein skal skyte vert resultatet normalt ganske dårleg.. Årets beste skotsjanse utan tvil! Og til alt overmål bomma eg på ein kjempesjanse på ei orrhøne òg, då eg nesten var framme ved bilen og var sliten og ukonsentrert. Fordømt!

Dagens gladnyheit er at eg kan føye ein ny art til lista over felte artar, nemleg raudvingetrost. Eit nytt steg på vegen mot å ha felt alle jaktbare artar i Noreg! Har elles sett to single elgkalvar i dag, 2 røyer, 2 orrhanar og 3 orrhøner. Så det er då litt liv i skogen:)

mandag 5. oktober 2009

Ein fin dag i Trøndelag

Etter mykje dårleg vêr den seinaste tida, slo det endeleg til med godvêr att. Og då må ein sjølvsagt på jakt. Og denne dagen klaffa det bra, med triveleg selskap og trykkande fugl. Dagen starta med at eg lokka inn ein ravn med Crit'r Callen, som fekk to skot men ikkje ville ned. Fordømte greier!

Men så snudde det, og ein fin vaksen blåhane havna i lyngen:


Eit kvarter seinare braka det på nytt til i lia, og ei vaksa røy fann ut at det var lurt å slenge seg ut rett framfor haglemunningen. Det skulle ho nok ikkje ha gjort, for etter to raske skot vart luftferda noko meir vinglete. To nye skot i børsa, og rask marsj i fluktretninga. Hadde gått ti meter då ei rype kasta seg på vengjene, og fekk eit skot før den var vekk. Vart nok bom:) Fortsette framover, og høyrde det baksa i tunge vengjer under ei gran. Der låg røya og kava, og etter ein liten nevekamp vart ho då snill. Dagens andre fugl var eit faktum. Og vi hadde sett rype, orre og storfugl innanfor 4-500m. Tøft!



Etter denne strålande starten tok vi oss tid til ein lengre lunsjpause med fyring, kaffi og pølser:


Ettermiddagsjakta gav fleire skotsjansar, mellom anna på ei røy som etterlet seg rikeleg med blod og fjør i snøen, men som truleg vart liggjande å trykkje under ei gran, og vi diverre ikkje fann. Slikt er ikkje kjekt, men sånn er livet av og til...

Alt i alt ein fantastisk fin dag i trøndelags djupe skogar!