torsdag 30. september 2010

Vakre vestlandsfjell

Medan elgjegrane får rasa av seg verste jaktlysta i Trøndelag, nytta eg høvet til ein tur til vestlandet, og til Volda JSPFL si jakthytte i Jolegrødalen. Fekk ein fin dag på fjellet i det fine haustveiret, diverre utan fjellrypefelling. I garna vart det 9 fjellaurar.

Idyllisk ved Jolegrøvatnet. På den bakerste toppen på biletet skaut eg dobbelbom på eit fjellrypekull:(

fredag 17. september 2010

Det va TIUR han ha skøtti..

Det var ein regnvåt septemberdag i Trøndelag, i det herrens år 2010, at eg endeleg skulle lukkast med det gjevaste av alt, å skyte ein vaksen tiur! Vel heime siste vekta småfine 5,1kg:)

Eg hadde lista meg rundt i ei fin li ei stund, og tenkte stadig at her MÅTTE det jo bu ein tiur. For ein gongs skuld stemde mistanken, og etter to raske skot, meir eller mindre gjennom ei gran, kunne eg studere skogens konge i ro og mak.

Følelsen av å endeleg ha lukkast var fantastisk, og då gjorde det ingen ting med våte jaktkle, tung sekk og mange kilometer heimveg:)

lørdag 11. september 2010

Bli med "jaktgutta" på jakt!

To gode jaktkompisar, Kim og Bjørn Erik, driv nettstaden "jaktgutta.com". Der deler dei sine jaktlege opp- og nedturar, bilete, film og mykje anna. På denne årstida får vi håpe på mange nye bilete, både med og utan nedlagt vilt!

Harejakt med "jaktgutta" i lia på Lofthus. F.v. Bjørn Erik m/dunker Dolly, Per Bjarne, Kim og Øystein med dagens fangst. (Foto: Bjørn Erik Moe)

Jaktstart 2010

Sjølv om både bukkejakt, reinsjakt og diverse anna har vore i gang ei heil stund, har det alltid vore 10. september som er den verkelege jaktstarten for meg. I år har eg nytta dei to første dagane til fuglejakt i Nord-Trøndelag. Kort fortalt vart det ei svært negativ oppleving, med null vilt observert (med unntak av ei røy som sat i vegkanten på veg innover).

Tilsynelatande brukbart rypeterreng, men kvar var dei?

Vi får håpe at dette var eit unntakstilfelle, og at vilttettleiken er betre i andre område! Nye tak neste helg!

onsdag 8. september 2010

På tur med Fri Inspirasjon

I perioden 6.-21. august mønstra eg på seglebåten "Fri Inspirasjon", og sigla saman med kaptein Henrik Yksnøy og mannskapet hans frå Dublin i Irland til La Coruna i Spania.

Fri Inspirasjon starta frå Volda i juli, og er på veg til Karibien. Først i juni neste år er dei ventande attende.

Etter nokre dagar med byliv i Dublin gjekk ferda på strabasiøst vis sørover mot Kilmore Quay på sørkysten av Irland, der vi låg medan vi gjorde dei siste førebuingane til turens første store havkryssing, nemleg over den myteomspunne Biscayabukta.

Heldigvis hadde vi vêr og vind med oss, og turen sørover gjekk utan problem i det store og heile. For underteikna, som alltid er oppteken av matauk, var det knytt stor spenning til fiskefangsten på turen, og etter fleire dagar med resultatlaus dorging, vart det brått liv i havet:


Navigatør Trygve og underteikna føl spent med på kva som skal dukke opp frå djupet, medan kaptein Yksnøy kosar seg med stonga. (Foto: Fri Inspirasjon)

Etter ein lang kamp kunne eg omsider slå kleppen i beistet, og ein tunfisk på 10-12kg enda sine dagar på dekk (Foto: Fri Inspirasjon):


Vi sette sjølvsagt straks kniven i fisken, og ryggfiletane hamna fort i gryta, i følgje med diverse grønsaker og anna godt. Fiskesuppa vart innteken på dekk, under ein time etter landinga. Det er vel unødvendig å seie at stemninga var på topp!

Vel framme i "syden" vart det mrolege dagar med turisme, småjobbing på dekk og "una cerveza por favor". Det må leggast til at langturseglarar verkeleg er av dei mest omgjengelege og trivelege folk eg har møtt. Nesten kvar dag vart vi inviterte ombord i nabobåtar, og praten sat laust.

Under opphaldet i Spania vart vi intervjua av ei triveleg dame frå bladet "Seilmagasinet". Resultatet kan de sjå her:

http://seilmagasinet.no/id/36330.0

Karane på Fri Inpirasjon kan følgjast på bloggen deira:

http://fri.caty.no/