torsdag 12. september 2013

Hjortejakt i bratte vestlandslier

Fekk akkurat tid til eit par dagar på hjortejakt sist helg. Vi klatra til fjells på torsdagskvelden, etter å ha skore ned ei fjorkolle som resten av laget skaut høgt til fjells første dagen i jakta. Tidleg i hjortejakta er det ein stor fordel å kunne gå rett ut frå hytta og vere på jakt i høgde med tregrensa i det det lysnar om morgonen. Fredags morgon fekk vi fort auge på 2 ungdyr som beita i ei bratt li like ved hytta. Eg posterte då i nedkant av lia, medan Henrik stilte innpå dyra. Han var nesten i posisjon, men dyra trekte då inn i tett skog. Han gjekk likevel vidare, og det tok ikkje lang tid før ein spissbukk tok ut i god fart i retning meg. Eg gjorde meg klar, og då bukken var på 80 meter gjorde eg meg klar til å skyte. Men i kikkerten var det berre dogg! Etter febrilsk pussing fann eg bukken i kikkerten, akkurat i det den kasta seg rundt og forsvann nedover lia. Litt surt, men også greitt, sidan vi kun har 1 fritt dyr att på kvota.

Seinare samme dag hadde vi kontakt med kolle med kalv, som Henrik var innpå, men dessverre fekk han kun sjanse på kolla.

































Dagen etter var vi også ute, og hadde kontakt med 5-6 dyr utan å kome til skotsjansar. Det ser iallfall ut til å vere godt med dyr i terrenget i år, så det vert nok fleire turar.