Viser innlegg med etiketten tiur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tiur. Vis alle innlegg

fredag 17. september 2010

Det va TIUR han ha skøtti..

Det var ein regnvåt septemberdag i Trøndelag, i det herrens år 2010, at eg endeleg skulle lukkast med det gjevaste av alt, å skyte ein vaksen tiur! Vel heime siste vekta småfine 5,1kg:)

Eg hadde lista meg rundt i ei fin li ei stund, og tenkte stadig at her MÅTTE det jo bu ein tiur. For ein gongs skuld stemde mistanken, og etter to raske skot, meir eller mindre gjennom ei gran, kunne eg studere skogens konge i ro og mak.

Følelsen av å endeleg ha lukkast var fantastisk, og då gjorde det ingen ting med våte jaktkle, tung sekk og mange kilometer heimveg:)

onsdag 23. september 2009

Skogsfugljakt i Jämtland

Det var (som vanleg) med store forventningar vi tok turen over til Jämtland i Sverige den første veka i skogsfugljakta der borte. Kort fortalt vart vi skuffa, først og fremst over eit jaktmessig vanskeleg terreng med mykje tett gran- og lauvskog, og lite fuglekontakt i dei meir tradisjonelle skogsfuglområda med eldre furuskog.

Men ved god hjelp frå Mikka Spets, fekk då Helge seg ein fin vaksen tiur, så turen vart berga! Utanom det skaut vi kun 3 jerper. Dessutan fekk vi oss ein fantastisk middag med tiur og jerper, og hadde det i grunn ikkje så verst:)

Tiur, spets og gild børse. Den glade skyttar har all grunn til å vere fornøgd!
Foto: Adrian Elde

onsdag 4. mars 2009

Tiurjakt: Draumen om den svarte kjempen

Dei siste åra har eg drive nokså mykje med støkkjakt etter skogsfugl, og draumen har jo sjølvsagt vore å skyte ein tiur. Men akkurat det er slettes ikkje så beinkløyvt.

Det var første dagen i den opne skogsfugljakta hausten 2007. Det var godt med fugl i terrenget, og eg hadde fått ei røy på føremiddagen. Etter lunsj rusla eg inn i eit kuppert område med mykje gammalskog, og var sjølvsagt ekstra på vakt. Framme ved ei opning der eg hadde god utsikt mot ein nærliggjande topp, stansa eg. Eg hadde vel stått der ein ti sekund kanskje, då det eksploderte i svarte vengjer oppe i lia. På femten meters hald letta han, sjølve gammalerik. Og som om ikkje det skulle vere nok, steig han sakte på skrå mot meg, rett og slett alt du kan drøyme om. Med rolege rørsler la eg BRNO sideliggaren til skuldra, drog gjennom den store svarte og skaut. I det same såg eg han trakk seg saman, og var sikker på at han skulle dette. Utruleg nok klarte han å sigle vidare, så då han var på 25 meter skaut eg skot nummer to, før han var vekk mellom grantoppane. Med puls på 150 sto eg der, og lytta etter det tunge dunket av ein tiur som treffer bakken, men det var stille. Eg lada børsa for å gå etter i same retning og hadde vel teke to steg då det på nytt eksploderte ovanfor meg. Og no var det heile kullet som ville vekk. Ein etter ein flaug unge tiurar og røyer over meg, og to skot forlet hagla. Begge var retta mot svartfuglar, men dei flaug like godt. Eg treng vel kanskje ikkje fortelje at ettersøket vart resultatlaust, og denne oktoberdagen kjem eg nok aldri til å gløyme…

Hausten 2008 gjekk mot slutten då eg ein ettermiddag var på heimveg over nokre hogstflater med små granklynger her og der. Eg hadde fått ein fin gamal orrhane like før, og var eigentleg godt fornøgd med dagen. Då eg var 12-13 meter frå nokre graner skvatt eg til, og vart stiv i blikket. Der mellom granane sat det forsyne meg ein tiur, og i same augneblink kasta han seg ut på motsett sie. Så fort eg kunne skaut eg to skot mot den svarte skuggen, og såg han misse fart der ute på flata. Eg lada børsa og sprang fram, men fuglen var ikkje å sjå. Med bestemte steg gjekk eg mot ein kan litt lenger framme, og der braka det til igjen. Eit sot var alt eg rakk før han fekk kasta seg ut og sigla nedover lia og var vekk. Eg sto att med pulsen dunkande og eit minne for livet. Heller ikkje denne gongen gav ettersøket resultat.

Men neste år, då skal han ned…