Viser innlegg med etiketten bukkejakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bukkejakt. Vis alle innlegg

onsdag 7. oktober 2009

Bukkejakt på Eskdalemuir

Nokre bilete frå ein triveleg tur på bukkejakt i vår, sjølv om det ikkje vart så mange fellingar. Vi var plaga med mykje dårleg jaktvêr(les sterk vind), så vi hadde nokre dagar med svært lite dyrekontakt. Men det vart då 6 bukkar, og Adrian fekk seg ein riktig fin ein:


Vi jakta ein del i området rundt eit nedlagt småbruk:

Underteikna med sin kjempebukk, samt dei flesta av dei andre vi fekk:


Helge og Øystein slappar av etter ei hard jakt, klare for avreise til Edinburgh:


Sjølv om utbytet ikkje vart det heilt store hadde vi ein gild tur, som vi heilt klart kjem til å gjere om att!
(Alle foto: Adrian Elde)

tirsdag 7. april 2009

Bukkejakt i Skottland

Vårjakt på rådyrbukkar har eg hatt lyst til å prøve i lang tid, og i år tek eg endeleg turen. Laurdag førstkomande går turen over til Skottland for ei vekes jakt. Børsa er innskoten, skot er lada, jaktkle og -sko er impregnerte, optikk er pussa og alt er i det heile klart. Rapport og bilete kjem sjølvsagt her på bloggen når vi kjem heim!