Viser innlegg med etiketten hare. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hare. Vis alle innlegg

onsdag 9. mars 2011

Vinterjakt i Finnmark

Sist veke sette eg kursen nordover. Langt nordover. Vel framme vart eg møtt av min gode jaktkamerat Adrian, som alt var på plass saman med Trine og Erlend. Første kvelden vart det servert elggryte, Mackøl (utan måsegg) og spekemat av både elg, hare og rype. Trass varierande vermeldingar, var forventningane store for den foreståande hare- og rypejakta.

Kratt og stein. Fint terreng for harejakt med rifle:
Første jaktdag delte vi oss i to, og begge grupper kom heim med god fangst av hare.

Fjellhare. I bakgrunnen ser ein Indre og Ytre Akkarfjord:
Med unntak av ein dag då vi låg verfaste i storm, kom vi oss ut alle dagar. Etter som dagane gjekk vart meir vilt hengt opp til mørning. Eg var så heldig å få nedlagt både lirype, fjellrype og hare, frå no av kjent som "The Sørøya Macnab".

To raske:

Lagopus lagopus:

Lagopus muta:
Eg jakta med 6.8mm Remington SPC, og brukte 90grs Sierra HP i moderat hastigheit. Skoteffekten var god, og dei fleste slakta var også fine. Harane datt fort også ved treff bak bogen. Rypene eg skaut var skote i "maskinrommet" og brysta vart difor berga. Men til rype er nok heilmantlar framleis å foretrekke. I tillegg til "smygjakt" med rifle gjennomførte vi også ein del drev med hagler i dei tette bjørkekratta. Dette gav også gode resultat.
Må også nemne at eg på denne turen testa eit par nye Bigfoot truger. Stegjarna på desse var heilt flatbenda etter kort tids bruk i varierande terreng. Held meg nok til Tubbs ja!
Alt i alt hadde vi ein svært triveleg tur. Mindre triveleg var det å kome heim, då det viste seg at SAS hadde øydelagt våpenkofferten min, i tillegg til at eg hadde hatt innbrot i bilen.

onsdag 4. mars 2009

Mat: Haregryte

Harekjøt har god viltsmak, og passar særleg godt til å lage gryte av. Ein vaksen hare er mat nok til 3-4 personar (ca 700g utbeina kjøt).


Råvarene er sikra. (Foto: Bjørn E. Moe)

Bein ut lår, rygg og bogar. Del kjøtet i passe små bitar. Brun kjøtet og beina godt i meierismør i steikjepanne, legg det over i ei jarngryte, kok ut panna og slå over vatn slik at kjøtet akkurat er dekt.

La kjøtet og beina koke i ein time. Ta deretter ut beina, og ha i ei kvart til ei halv sellerirot i terningar. La gryta koke i minst 30 minutt til. Ha mot slutten i lettbruna lauk, sopp og eitt beger sæterrømme.
Jamn med maizena som er rørt ut i fløyte. Smak til. Rosenkål og kokte poterer høyrer med, i tillegg til tytebær eller bærgele.

Det ferdige resultatet:

tirsdag 3. mars 2009

Skogsfugljakt 2008

Her kjem nokre laust samansette minne frå fuglejakta sist haust.