Viser innlegg med etiketten litteratur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten litteratur. Vis alle innlegg

onsdag 18. mars 2009

Litteratur: "Ikke bare trofèer" (S.Solli)

Medan "Jakt - for alle penga!" tok systematisk føre seg jakt på ulike viltartar, samt grundige rapportar frå jakter rundt om i verda, kjem Solli her med laust samansette forteljingar frå eit vidt spekter av jakter. Lesaren får vere med på meir eller mindre vellukka jakter etter alt frå kråke til bøffel, og som vanleg sparer ikkje forfattaren på våpentekniske detaljar.

I tillegg til å vere ei bok om jakt, handlar boka om Svein Solli sine siste år på jakt, då han måtte kjempe hardt for kvar jaktdag. Den raude tråden i boka er jaktglede, at det er ikkje alltid det er utbyttet eller størrelsen på trofèet som er det viktigaste.

Alt i alt er dette ei bok alle jegrar med interesse for våpen og ammunisjon bør ha i bokhylla!

mandag 2. mars 2009

Litteratur: "Jakt - for alle penga!" (S.Solli)


Svein Solli er etter mi meining den fremste forfattar vi har hatt i Noreg innan jaktskildringar. "Jakt - for alle penga!" er hans mest omfattande bok om jakt, og han tek i første halvdel av boka grundig føre seg dei fleste jaktformer som vert drive i Noreg. Innimellom forteljingar frå meir eller mindre vellukka jakter, kjem Solli med sine engasjerte utgreiingar om eigna og mindre eigna våpen til dei ulike formål. Og nettopp dette våpentekniske innhaldet gjer Svein Sollis bøker spesielle. Hans glødande interesse for våpen, jaktkuler, optikk og anna relevant utstyr gir jaktforteljingane ein ekstra dimensjon.

I andre del av boka fortel Solli frå eit utval av sine jaktreiser rundt om i verda, frå Nord-Amerika til Sør-Afrika. Også her har aktuelle våpen for slik jakt ein naturleg del. Denne boka kan anbefalast for alle som slit med jaktabstinensar utanfor sesongen. Eg kan garantere at du vil drøyme deg vekk, og kanskje vert eigne eventyrlege reiser planlagde i sofakroken?