søndag 27. februar 2011

Jaktvåpen: BRNO ZH47 - 16/70

Då eg byrja å jakte som 16-17åring arva eg denne sideliggaren etter morfar min. Desse børsene vart det selt mange av for nokre tiår sidan, og har trass middels prisklasse ekte sidelås. Gjennom åra har eg jakta både med over/under- og pumpehagle, men som regel endar eg med ein eller annan sideliggar, iallfall når det gjeld jakt på rype, hare og skogsfugl. Børsa var opprinneleg nokså trong, så eg fekk opna den til ½ og ¼ trongboring, som eg syns er fint til assortert fuglejakt. Eg er akkurat så gamal at eg fekk med meg nokre år med blyhagl før det forhatte forbodet kom. Til rypejakt gjekk det då ofte i Rottweil Weidmannsheil eller Nitedals Spesial med hagl nr. 5 eller 6. Etter forbodet kom er utvalet av haglskot i kaliber 16 nokså redusert. Stort sett har eg brukt Eley Vismuth.

BRNO kaliber 16 og smakfull fangst, ei fin hannjerpe:


Minner med denne sideliggaren er det mange av, særleg knyt til mine første opplevingar i fjellet eller fjellrypa. Men det er nok ei seinare jakt eg hugsar aller best. Det var første dagen i den opne skogsfugljakta i Østerdalen i 2007. Det var også min første dag på ekte skogsfugljakt nokon gong, ettersom skogsfuglterreng er sjeldne på mine heimtrakter. Etter nokre situasjonar der fuglen var vekk før eg rakk å få børsa til skuldra, kom eg opp ei slak li med spreidde myrområde. Idet eg kom opp på ei ny lita myr flaksa det til framfor meg, og eg fekk eit fint sideskot på fuglen, som datt i bakken. Eg sprang fram, og kunne jublande konstatera at mi første røy var sikra. Og sidan har eg elska skogsfugljakt!

lørdag 26. februar 2011

Jaktvåpen: Remington 700 - 7mm RM

Mi første rifle til jaktbruk kjøpte eg 16 år gamal, ei boltrifle i kaliber 7mm Remington Magnum med det fulle modellnamnet Remington 700 BDL Long Action Stainless Steel Detachable Magazine (700LA BDL SS DM). Valet av kaliber var ganske tilfeldig, ettersom eg var i marknaden for ei rifle for generell storviltjakt, og fekk eit godt tilbod på denne. Børsa har frå starten vore brukt nesten utelukkande med ein Hausken standard lyddempar. Optikken har variert, men på jakt har eg stort sett brukt ein Smith & Bender Klassik 3-12x50 med tysk 4-retikkel. 7mm’en har vore brukt på mykje assortert jakt, frå måsar i fjøra til vortesvin, antiloper og gnu i Sør-Afrika. Mest har eg brukt den til norsk storviltjakt, altså sel, elg, hjort og rein. Kulevalet har også variert ein del, mest vilt er felt med 120grs Hornady V-Max, 140grs Nosler Accubond og 160grs Nosler Partition. Mange meiner at i slike kaliber er det berre dei mest solide kulene som er brukbare, men for min del har skoteffekt alltid vore like viktig som perfekte slakt. Ikkje kan eg hugse å ha hatt så mange stygge slakt heller, skot bak bogen går som regel fint rett gjennom dyret og bogskot medfører jo alltid litt tap av kjøt.

På jakt etter vortesvin med 7mm Remington magnum:

Med denne børsa skaut eg mine første selar og mine første hjortevilt. Dette er jo alltid minner som festar seg i ei jegersjel, og gjer at eg har eit heilt spesielt forhold til 7mm’en. Eit anna godt minne er ei godt gjennomført smygjakt på råbukk i Skottland. Eg hadde observert bukken nede i ein dal, og turen mot skotplassen gjekk ned ei bratt li gjennom eit tett granfelt, over diverse steingardar, kryping langs ein bekk og til slutt over nokre haugar før eg hadde klar sikt til bukken. Bukken gjorde eit nokså langt utras etter skotet, som hadde treft like bak bogen. Nokon stor bukk var det på ingen måte, men situasjonen var det ingen ting å seie påJ