fredag 27. april 2012

Bukkejakt i Skottland

Sist veke tok eg nok ein gong turen til Skottland, denne gong på bukkejakt. Vêret var som sist variert, med tilsvarande variasjon i aktiviteten på dyra.

Andre morgonen var det skikkeleg grisevêr, med slagregn og vind. Trua var difor ikkje den største på veg ut. Men då eg kom til posten eg hadde planlagt å ta utgangspunkt i, var det allereie ei geit ute. Kort tid etter fekk eg auge på ein bukk i bast, som eg skaut på ganske kort hald. Første bukk med 6.8 SPC gjekk rett ned i smellen:


Litt viltpleie må ein jo også drive med når sjansen byr seg:


Etter denne starten gjekk det litt tråare nokre dagar. Hadde nokre økter utan å sjå dyr, og nokre der eg kun såg geiter. Ein morgon kom eg smygande oppover ein ganske smal elvedal, då eg fekk sjå eit dyr under ei gran. Sneik meg fram nærast nede i elva, men då eg kom inn på kort hald såg eg det var ei geit. Sette meg til å vente ei stund, og brått vart geita uroleg. Ho sprang ut nokre meter, og fram kom også ein liten bukk. Eg skjønte at her var tida knapp, så eg heva rifla raskt, fann bogen og skaut. Eg vart svært overraska då eg ikkje kunne finne verken hår eller blod på skotplassen. Eit kort ettersøk seinare samme dag bekrefta at dette nok vart ein rein bom. Fryktelig irriterande, men slikt skjer.

Nokre bilete frå området:



Tida gjekk, og siste kvelden hadde eg framleis berre ein bukk å vise for meg. Men eg har alltid trua, og måtte ein tur ut siste morgonen også. Var på post litt før 6, og 0620 fekk eg auge på eit dyr nede på ei flate. Ein rask kikk i kikkerten bekrefta at dette var ein bukk! Ikkje før hadde eg tenkt tanken før eg fekk sjå endå eit dyr kome ut på flata. To bukkar! Så stille som mogeleg sneik eg med ned i ein liten elvedal, og opp på haugen på andre sida. Då eg kom fram kunne eg berre sjå ein bukk, som eg trur var den minste av dei to. Sidan det var siste dagen tok eg ingen sjansar, og skaut den bukken eg kunne sjå. Han datt i smellen, og turen fekk ein lukkeleg slutt:


Alt i alt vart det ein super tur, med triveleg vertskap om i hovudsak gode jaktopplevelsar. Vart nok ikkje siste tur til Skottland dette heller!