Viser innlegg med etiketten rifle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rifle. Vis alle innlegg

onsdag 18. mai 2011

Remington 700 – 6.8 Remington SPC

6.8 Remington Special Purpose Cartridge vart utvikla av amerikanske spesialsoldatar som ville ha meir slagkraft i sine AR-15. Som den lett påverkelege mann eg er, verka dette straks å vere eit perfekt kaliber for riflejakt på småvilt og rådyr. Låg rekyl og nokså moderat utgangshastigheit bør jo medføre god skyting og fine slakt. Børsa mi er ei kort 700 kasse med ein ”Classic” trestokk og rustfritt LW-løp, oppsett med Hausken lyddempar og ein Bushnell Trophy 3-9x40 kikkert som har fungert godt, sidan eg sjeldan brukar denne børsa i dårleg lys. No er det slik at utvalet av lette kuler (som altså likevel er tunge i dette kaliberet) i kaliber .277 er heller dårleg, då dei fleste kuler er tiltenkt brukt i 270 Winchester og liknande. Det finst nokre kuler spesielt utvikla for kaliberet, på 110-115grs. I tillegg finst det nokre 90grs holspisskuler frå Sierra. Etter å ha testa det meste av tilgjengelege kuler, har eg enda med å bruke 110grs Sierra Prohunter og 90grs Sierra Varmint. I tillegg har eg jakta litt med Hornady 115grs FMJ og 110grs Hornady V-Max. No har Nosler lansert ei 115grs Accubond, så denne er klar for testing.





Det beste jaktminnet med denne børsa er nok frå rett etter eg fekk den. Eg var nett komen heim frå Sør-Afrika, og rakk akkurat å skyte inn børsa før det bar av garde på beverjakt. Første kvelden var eg litt seint ute, og det var ganske mørkt då eg kom fram til elva. Eg hadde knapt sett meg ned og fått kikkerten for auga då eg fekk sjå ein bever kome symjande nedover elva. Eg gjorde meg klar, og så snart dyret sat på land fekk den ei 110grs V-Max i halsen. Beveren rørte seg ikkje ein tomme, og kula gjekk heilt i oppløysing inne i dyret, akkurat som ein vil ha det ved jakt etter pelsvilt. Etter å ha henta beveren fyrte eg eit dugeleg bål, og la meg til i fjellduken. Medan eg låg der i lyset og varmen frå bålet, med beveren trygt på land, tenkte eg nok meir enn ein gong: Dette var noko til børse!

mandag 2. mars 2009

Våpengarderoben: Mine val

Den nye våpenforskrifta er vedteken(men ikkje gjort gjeldande per dags dato), og med det kom våpengarderoben til Noreg. Alle som vert funne skikka til å eige våpen, kan no kjøpe 6 jaktvåpen utan noko meir om og men. Det er jo i seg sjølv bra, så får ein sjå kor vanskeleg det vert for dei av oss som synes vi treng fleire. Skulle eg velje meg 6 våpen til all jakt, trur eg det hadde vorte desse:

1. Hagle i kaliber 12, sideliggar
Sjølv om eg ofte vel kaliber 16 til fuglejakt i Noreg, må eg nok her velje ei hagle i kaliber 12. Dette har å gjere med at eg baserer meg på kun ei rein hagle, og kaliberet er og blir mest det mest anvendelege. Og ein får alltid tak i skot uansett kvar ein er på guds grøne jord, og kva ein vil jakte på. Og kvifor sideliggar? Eg har rett og slett inntrykk av at eg treffer best med det på jakt!

2. Drilling i kaliber 12/12/6,5x57R

Også når det gjeld drillingar er eg tilhengjar av kaliber 16, som gir noko lågare totalvekt i mange tilfelle. Men med same argumentasjon som for den reine hagla, vel eg her kaliber 12. Riflekaliberet er eg derimot ikkje i tvil om, det må bli 6,5*57R. Ein drilling er for meg eit våpen til assortert jakt, og for ein norsk jeger er 6,5x57R den minste kragepatrona(og ein drilling må sjølvsagt vere kamra for kragepatron!) som lovleg kan brukast til storviltjakt, samtidig som den er ei eminent fuglepatron med godt utval i alle slags kuler. Optikken her vert ein 1-4*20/24, i hakemontasje.

3. Boltrifle med magnumlåskasse i kaliber 375 Ruger
Ei rifle i eit 375-kaliber er ein naturleg del av denne garderoben, ettersom den er minstekravet for mange farlige vilt, og i tillegg er i glimrande elgpatron t.d. Kvifor eg vel 375 Ruger i staden for 375 H&H er ei smakssak, men eg har sans for denne rettvegga, ikkje alt for lange parona, som eg trur kjem til å verte populær med åra. Opne safarisikte eller helst ”ghostring”-dioptet vert hovudsiktet, men med mogelegheit for kikkert i hurtigmontasje for meir blanda jakt, t.d. ein 1,5-6x variabel. Og skulle sjansen for elefantjakt by seg, er det ikkje vanskeleg å få montert eit løp i 416 Remington eller liknande.

4. Boltrifle med lang låskasse i kaliber 280 Remington
Våpengarderoben fordrar val av varierte låskasser, gjerne med fleire løp til kvar. Difor vel eg ei kort låskasse, og ei med normal låskasselengde. Eg er tilhengjar av 7mm-kaliberet, og vel difor 280 Remington i denne låskassa. Med ein 2,5-10x50 kikkert eller liknande, vert dette universalrifle for jakt i dårleg lys, og elles variert jakt. Dette systemet kan evt. byggjast ut med fleire piper, i kaliber som 6,5x55, .30-06, 6,5-06, 270 Winchester osb.

5. Boltrifle med kort låskasse i kaliber 7mm-08 Remington
EI kort låskasse gir ei lett rifle, som er gunstig til t.d. reinsjakt, hjortejakt på vestlandet og anna jakt der ein går mykje. Kaliberet er mitt val, kunne like godt ha vore 308 Winchester eller 260 Remington m.fl. Til denne rifla vile eg ha ein lett kikkert, t.d. ein 3-9*40/42. Og sjølvsagt kan det utvidast med fleire piper også her.

6. Småviltrifle
Dette er punktet eg er mest usikker på. Ei robust hagle til sjøfugl- og gåsejakt, ei salongrifle til småviltjakt, dobbelrifle, mogelegheitene er mange. Men personleg vel eg altså her ei reindyrka småviltrifle, med låskasse helst kortare enn vanleg 308-lengde. Type utgåtte Sako Vixen, Brno Fox, CZ 527 kan vere naturlege val. Kaliberet ville for meg vorte 6x45, men 223 Remington er eit like naturleg val. 6x45 gir litt mindre vindavdrift, og litt meir anslagsenergi. Med ein kikkert med om lag 12x som største forstørring er dette verkty for alt slags fuglevilt, frå toppjakt til vinterjakt på rype. I tillegg kan det ladast lette og hurtigekspanderande kuler til rev, bever, kråkefugl og liknande.