onsdag 18. mai 2011

Remington 700 – 6.8 Remington SPC

6.8 Remington Special Purpose Cartridge vart utvikla av amerikanske spesialsoldatar som ville ha meir slagkraft i sine AR-15. Som den lett påverkelege mann eg er, verka dette straks å vere eit perfekt kaliber for riflejakt på småvilt og rådyr. Låg rekyl og nokså moderat utgangshastigheit bør jo medføre god skyting og fine slakt. Børsa mi er ei kort 700 kasse med ein ”Classic” trestokk og rustfritt LW-løp, oppsett med Hausken lyddempar og ein Bushnell Trophy 3-9x40 kikkert som har fungert godt, sidan eg sjeldan brukar denne børsa i dårleg lys. No er det slik at utvalet av lette kuler (som altså likevel er tunge i dette kaliberet) i kaliber .277 er heller dårleg, då dei fleste kuler er tiltenkt brukt i 270 Winchester og liknande. Det finst nokre kuler spesielt utvikla for kaliberet, på 110-115grs. I tillegg finst det nokre 90grs holspisskuler frå Sierra. Etter å ha testa det meste av tilgjengelege kuler, har eg enda med å bruke 110grs Sierra Prohunter og 90grs Sierra Varmint. I tillegg har eg jakta litt med Hornady 115grs FMJ og 110grs Hornady V-Max. No har Nosler lansert ei 115grs Accubond, så denne er klar for testing.





Det beste jaktminnet med denne børsa er nok frå rett etter eg fekk den. Eg var nett komen heim frå Sør-Afrika, og rakk akkurat å skyte inn børsa før det bar av garde på beverjakt. Første kvelden var eg litt seint ute, og det var ganske mørkt då eg kom fram til elva. Eg hadde knapt sett meg ned og fått kikkerten for auga då eg fekk sjå ein bever kome symjande nedover elva. Eg gjorde meg klar, og så snart dyret sat på land fekk den ei 110grs V-Max i halsen. Beveren rørte seg ikkje ein tomme, og kula gjekk heilt i oppløysing inne i dyret, akkurat som ein vil ha det ved jakt etter pelsvilt. Etter å ha henta beveren fyrte eg eit dugeleg bål, og la meg til i fjellduken. Medan eg låg der i lyset og varmen frå bålet, med beveren trygt på land, tenkte eg nok meir enn ein gong: Dette var noko til børse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar