mandag 21. mars 2011

Jaktsekken

For den allsidige jeger vert jaktsekken med på mange ulike turar, under alle forhold. Kva er viktig ved val av jaktsekk, og kva bør den innehalde? For å ta sjølve sekken først, så er det fleire moment å ta omsyn til. Skal ein klare seg med éin sekk, bør den vere eigna for hagleskyting, altså bør den ha skulderreimer tilpassa dette. Ein sekk til all slags bruk bør også vere laga av rimeleg lydlaust materiale, og tole ein del vatn. Dei fleste vil vere best tent med ein sekk på om lag 40l. Gode sekkar på den norske marknaden kjem mellom anna frå Norrøna og Bergans.

Kva bør så sekken innehalde? I tillegg til dei opplagte sakene tilpassa den enkelte jakttur, slik som t.d. klesskift, kaffikjel, øks og sag, er det fem ting eg meiner bør finnast i jaktsekken til ei kvar tid.

1. Kniv. Sjølv om ein ofte har kniv i beltet under jakt, bør ein alltid ha ein reservekniv i sekken. Dette kan godt vere ein flåkniv, t.d. EKA Swingblade. Denne er uansett god å ha skarp og god til evt. slakting.

2. Fyrstikker og tyriflis/never. Det er ikkje triveleg å skulle starte matpausen og ikkje få fyr i bålet. Med tyriflis eller tørr never i sekken får du alltid fyr, uansett forhold.

3. Førstehjelpssaker. Det aller viktigaste er plaster/kompressar, strips (til kuttskader) og enkeltmannspakke. I tillegg har eg alltid med gnagsårplaster og sportstape.

4. Lykt. Ei lita hovudlykt kan redde situasjonen om du mørknar ute under jakt, eller må slakte i dårleg lys på slutten av dagen. Også grei å ha i leiren/hytta kveld og morgon.

5. Hundeband. I tilfelle du må koble hunden under jakt (sjølv om du ikkje er hundeførar), og vel så ofte til andre ting, som t.d. opphenging av vilt.
















Andre ting som kan berge ein lei situasjon: Lite diamantbryne, ekstra batteri (til lykt, GPS, el. høyrselsvern, kamera osb.), forsvarets headover i tjukk ull (kan også brukast som handvarmar på post, sitteunderlag og mykje anna) og nokre meter sterkt snøre (til diverse reperasjonar og anna).   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar