søndag 1. mars 2009

Ein rusletur i Warthog Valley

Det var behageleg temperatur då vi gjekk frå bilen den ettermiddagen. Sjølv om vi befann oss i Eastern Cape i Sør-Afrika, låg dagtemperaturen knappast over 20 grader. Om morgonen hadde det endåtil vore frost på bilrutene! Målet for denne turen var Warthog Valley, der eg dagen før hadde skote eit lite vortesvin. Dalen bar altså sitt namn med rette, og denne gongen var eg ute etter ein skikkeleg gris. Warthog er altså det vanlege namnet på det vi her i Noreg kallar vortesvin. Denne grunne, vide dalen var eit glimrande område for vortesvinjakt. Vi heldt oss høgt i terrenget, og granska dalbotnen i kikkertane. Der nede hadde svina jordholene sine, og brått kunne dei kome tytande ut.

Brått vart vi vare ei rørsle i motsett dalside. Kikkertane kom opp, og vi kunne bekrefte at ein liten gris var komen opp til overflata. Ettersom min PH Hayden visste av erfaring at der det er eit vortesvin kjem det brått fleire, bestemte vi oss raskt for å bevege oss i retning denne vesle grisen. Gjennom tett bush gjekk det, og tankane vandra raskt til dei få puffadderane vi hadde sett på turen. Desse slangane er ikkje noko du ynskjer å stifte nære bekjentskap med. I det vi kom ut i opninga vi hadde sett oss ut på førehand, såg vi straks att det var meir enn ein gris ute på tur denne ettermiddagen. Eg rigga meg til på ei fråflytta termittue, knappe 200m frå griseholene i motsett dalside. Med god støtte frå tua var eg klar til å skyte med det same ein god gris viste seg, og då ein vaksen kar entra scena, var trådkorset godt på veg inn i bogen. I same augneblink vart eg var noko i utkanten av synsfeltet: Opp frå eit stort jordhol spruta det brått ein voldsom dusj av jord!


Og så kom han opp, sjølve styggen. Med kraftige hoggtenner og velutvikla grisebust spankulerte han opp frå holet sitt, og tok eit overblikk over sine artsfrendar. Og det var det siste han gjorde, ettersom ei 9 gram tung 7mm-kule nokre tidelar tidlegare hadde forlete munninga på Remingtonrifle, og var på veg gjennom dalen. Den råka han midt i bogbladet, og 4-5 vaklande steg var det han orka, før han ramla over ende. Hayden var rask med å gratulere, og etter ein rask tur gjennom diverse tornekratt kunne vi ta grisen i nærare ettersyn. Dei sto verkeleg ikkje fyrst i køa då utsjånaden vart fordelt desse dyra. Men eit utruleg artig jaktvilt er dei!

Den dag i dag står han heime på vestlandet, og minner meg om ein nydeleg ettermiddag i Warthog Valley. Dette vert ikkje siste gong eg jaktar vortesvin!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar