torsdag 12. september 2013

Hjortejakt i bratte vestlandslier

Fekk akkurat tid til eit par dagar på hjortejakt sist helg. Vi klatra til fjells på torsdagskvelden, etter å ha skore ned ei fjorkolle som resten av laget skaut høgt til fjells første dagen i jakta. Tidleg i hjortejakta er det ein stor fordel å kunne gå rett ut frå hytta og vere på jakt i høgde med tregrensa i det det lysnar om morgonen. Fredags morgon fekk vi fort auge på 2 ungdyr som beita i ei bratt li like ved hytta. Eg posterte då i nedkant av lia, medan Henrik stilte innpå dyra. Han var nesten i posisjon, men dyra trekte då inn i tett skog. Han gjekk likevel vidare, og det tok ikkje lang tid før ein spissbukk tok ut i god fart i retning meg. Eg gjorde meg klar, og då bukken var på 80 meter gjorde eg meg klar til å skyte. Men i kikkerten var det berre dogg! Etter febrilsk pussing fann eg bukken i kikkerten, akkurat i det den kasta seg rundt og forsvann nedover lia. Litt surt, men også greitt, sidan vi kun har 1 fritt dyr att på kvota.

Seinare samme dag hadde vi kontakt med kolle med kalv, som Henrik var innpå, men dessverre fekk han kun sjanse på kolla.

































Dagen etter var vi også ute, og hadde kontakt med 5-6 dyr utan å kome til skotsjansar. Det ser iallfall ut til å vere godt med dyr i terrenget i år, så det vert nok fleire turar.

fredag 23. august 2013

Bukkejakt på Vega

Sist helg tok vi turen nordover til Vega på Helgeland, der det jo skal finnast bra med rådyr. Det var jo ganske fint der også:

Dyr såg vi også, og andre kvelden var Vegard heldig og fekk ein fin 6-taggar etter ei spanande jakt:


Sjølv vart eg lurt av bukken denne gongen, men hadde mange fine situasjonar med nærkontakt med dyr. Vi kjem gjerne att!



fredag 14. desember 2012

Rådyrjakt i Trøndelag

Endeleg vart det ein tur på rådyrjakt. Vi kom fram til øya på trøndelagskysten tysdags kveld, og kunne med glede konstatere eit lett snøver utover kvelden, som resulterte i perfekte forhold på onsdags morgon. Øya har lite vegetasjon, og vi satsa difor på korte drev gjennom dei små skogklyngene. Etter først å ha sikta på både ein ung bukk og ei vaksen geit i det første drevet, fekk eg sjangsen på eit geitekje i det andre. Geit og kje kom opp langs ein kant, og då begge stoppa med breisida til på 70m var det igrunn ikkje noko å lure på.

Sidan eg nyleg kom heim frå Polen var det jo greit å overføre litt kontinentale jakttradisjonar til Trøndelag, og eg vert her tildelt ein kvist frå jaktguiden, som tradisjonen er lenger sør.






















Foto: Vegard P. Sollien

torsdag 13. desember 2012

Førjulsjakt i Polen

Er nyleg komen heim etter 3 dagar med jakt på hodyr og kalvar i Polen. Vi var 2 mann frå Noreg og 2 frå Danmark. Vel framme vart vi innkvarterte i huset til sjefen for reviret, med god standard.

















Det vart jakta delvis frå jakttårn, delvis ved å køyre rundt i terrenget til dyr vart lokalisert, og deretter jakte på desse. Sjølv skaut eg mine dyr ved postering i jakttårn. Totalt vart det felt 18 dyr desse dagane, fordelt på 1 hjort, 7 dåhjort, 7 rådyr og 3 revar.































Det vart også både observert og løyst skot mot villsvin, utan at nokon gris hamna på viltparaden. Etter villsvin er nok driv/trykkjakt meir effektivt, eventuelt nattjakt under måneskin. Vi er allereie i gang med planlegging av den slags til neste år...

søndag 25. november 2012

Ukjend bukk

Var nyleg innom hjå ein kjenning, då eg fekk auge på nokre gevirtaggar nede i noko kratt. Klatra ned, og kunne dra fram denne reinsbukken. Ingen visste kvar den kom frå eller kven den har tilhørt, så då kan ein jo berre fantasere om kva slags jaktsituasjon og slit som ligg bak. Og brått vart det lenge å vente fram til 20. august!


tirsdag 6. november 2012

Sjøfugl i Trøndelag

Eit knippe toppskarv frå Fosen, etter eit fin morgon på sjøen.


onsdag 10. oktober 2012

Brølebukkar

Spanande å sitte på hjortepost når det er brøling i liane rundt...
 

mandag 8. oktober 2012

Sjøfugljakt

Medan vi ventar på trekket... 
 

søndag 7. oktober 2012

Hjortejakt i fjellskogen

Etter å ha prøvd postering, smygjakt og korte drev i nedre delar av terrenget, måtte vi klatre til fjells for å finne hjort denne dagen. Denne prøvde å runde drevet i fjellbjørkeskogen, men havna rett i fanget på "drivande bakpost" Henrik. Og vi fekk iallfall jobbe for maten denne gongen, då det var lang veg til bygds med slaktet. 


mandag 24. september 2012

Skogsfugljakt i september

Etter første periode med skogsfugljakt er det vel tid for ei lita oppsummering. Trass dystre spådommar om årets bestand, har vi igrunn sett like mykje eller lite fugl som dei siste åra. Til no har det blitt 1 tiur, 2 røy, 1 orrhane og 1 jerpe. Tre av desse har vore årsfugl, så ein viss produksjon er det jo.

Orrhane, ein stor fin kylling!

Siste helga overnatta eg ved tyribålet i skogen, og fekk ein fin start på søndagen då eg fekk besøk av rådyrgeit med tvillingkje under morgonkaffien:) Seinare på dagen vart eg lurt av tiuren fleire gongar, men vi treffast nok att i oktober!

fredag 27. april 2012

Bukkejakt i Skottland

Sist veke tok eg nok ein gong turen til Skottland, denne gong på bukkejakt. Vêret var som sist variert, med tilsvarande variasjon i aktiviteten på dyra.

Andre morgonen var det skikkeleg grisevêr, med slagregn og vind. Trua var difor ikkje den største på veg ut. Men då eg kom til posten eg hadde planlagt å ta utgangspunkt i, var det allereie ei geit ute. Kort tid etter fekk eg auge på ein bukk i bast, som eg skaut på ganske kort hald. Første bukk med 6.8 SPC gjekk rett ned i smellen:


Litt viltpleie må ein jo også drive med når sjansen byr seg:


Etter denne starten gjekk det litt tråare nokre dagar. Hadde nokre økter utan å sjå dyr, og nokre der eg kun såg geiter. Ein morgon kom eg smygande oppover ein ganske smal elvedal, då eg fekk sjå eit dyr under ei gran. Sneik meg fram nærast nede i elva, men då eg kom inn på kort hald såg eg det var ei geit. Sette meg til å vente ei stund, og brått vart geita uroleg. Ho sprang ut nokre meter, og fram kom også ein liten bukk. Eg skjønte at her var tida knapp, så eg heva rifla raskt, fann bogen og skaut. Eg vart svært overraska då eg ikkje kunne finne verken hår eller blod på skotplassen. Eit kort ettersøk seinare samme dag bekrefta at dette nok vart ein rein bom. Fryktelig irriterande, men slikt skjer.

Nokre bilete frå området:



Tida gjekk, og siste kvelden hadde eg framleis berre ein bukk å vise for meg. Men eg har alltid trua, og måtte ein tur ut siste morgonen også. Var på post litt før 6, og 0620 fekk eg auge på eit dyr nede på ei flate. Ein rask kikk i kikkerten bekrefta at dette var ein bukk! Ikkje før hadde eg tenkt tanken før eg fekk sjå endå eit dyr kome ut på flata. To bukkar! Så stille som mogeleg sneik eg med ned i ein liten elvedal, og opp på haugen på andre sida. Då eg kom fram kunne eg berre sjå ein bukk, som eg trur var den minste av dei to. Sidan det var siste dagen tok eg ingen sjansar, og skaut den bukken eg kunne sjå. Han datt i smellen, og turen fekk ein lukkeleg slutt:


Alt i alt vart det ein super tur, med triveleg vertskap om i hovudsak gode jaktopplevelsar. Vart nok ikkje siste tur til Skottland dette heller!

lørdag 27. august 2011

Reinsjakt 2011

I år var eg så heldig å få kort på ein kalv hjå Lesja Fjellstyre. Første helga var eg i kontakt med ein del dyr, utan å lukkast. Torsdag reiste eg på nytt til fjells, og såg dyr allereie første kvelden. Fredag kom fleire flokkar inn i området, og på slutten av dagen kom eg omsider innpå ein av desse. Etter nokre hundre meter kryping og åling gjennom dvergbjørk og einer, kunne eg studere flokken på nært hald. Dyra gjekk i sin velkjende "spiral", slik at det var vanskeleg å få plukka ut ein kalv. Til slutt drog ei simle med kalv ut, og eg kunne felle kalven på om lag 100 meters hald.

onsdag 18. mai 2011

Remington 700 – 6.8 Remington SPC

6.8 Remington Special Purpose Cartridge vart utvikla av amerikanske spesialsoldatar som ville ha meir slagkraft i sine AR-15. Som den lett påverkelege mann eg er, verka dette straks å vere eit perfekt kaliber for riflejakt på småvilt og rådyr. Låg rekyl og nokså moderat utgangshastigheit bør jo medføre god skyting og fine slakt. Børsa mi er ei kort 700 kasse med ein ”Classic” trestokk og rustfritt LW-løp, oppsett med Hausken lyddempar og ein Bushnell Trophy 3-9x40 kikkert som har fungert godt, sidan eg sjeldan brukar denne børsa i dårleg lys. No er det slik at utvalet av lette kuler (som altså likevel er tunge i dette kaliberet) i kaliber .277 er heller dårleg, då dei fleste kuler er tiltenkt brukt i 270 Winchester og liknande. Det finst nokre kuler spesielt utvikla for kaliberet, på 110-115grs. I tillegg finst det nokre 90grs holspisskuler frå Sierra. Etter å ha testa det meste av tilgjengelege kuler, har eg enda med å bruke 110grs Sierra Prohunter og 90grs Sierra Varmint. I tillegg har eg jakta litt med Hornady 115grs FMJ og 110grs Hornady V-Max. No har Nosler lansert ei 115grs Accubond, så denne er klar for testing.





Det beste jaktminnet med denne børsa er nok frå rett etter eg fekk den. Eg var nett komen heim frå Sør-Afrika, og rakk akkurat å skyte inn børsa før det bar av garde på beverjakt. Første kvelden var eg litt seint ute, og det var ganske mørkt då eg kom fram til elva. Eg hadde knapt sett meg ned og fått kikkerten for auga då eg fekk sjå ein bever kome symjande nedover elva. Eg gjorde meg klar, og så snart dyret sat på land fekk den ei 110grs V-Max i halsen. Beveren rørte seg ikkje ein tomme, og kula gjekk heilt i oppløysing inne i dyret, akkurat som ein vil ha det ved jakt etter pelsvilt. Etter å ha henta beveren fyrte eg eit dugeleg bål, og la meg til i fjellduken. Medan eg låg der i lyset og varmen frå bålet, med beveren trygt på land, tenkte eg nok meir enn ein gong: Dette var noko til børse!

mandag 21. mars 2011

Jaktsekken

For den allsidige jeger vert jaktsekken med på mange ulike turar, under alle forhold. Kva er viktig ved val av jaktsekk, og kva bør den innehalde? For å ta sjølve sekken først, så er det fleire moment å ta omsyn til. Skal ein klare seg med éin sekk, bør den vere eigna for hagleskyting, altså bør den ha skulderreimer tilpassa dette. Ein sekk til all slags bruk bør også vere laga av rimeleg lydlaust materiale, og tole ein del vatn. Dei fleste vil vere best tent med ein sekk på om lag 40l. Gode sekkar på den norske marknaden kjem mellom anna frå Norrøna og Bergans.

Kva bør så sekken innehalde? I tillegg til dei opplagte sakene tilpassa den enkelte jakttur, slik som t.d. klesskift, kaffikjel, øks og sag, er det fem ting eg meiner bør finnast i jaktsekken til ei kvar tid.

1. Kniv. Sjølv om ein ofte har kniv i beltet under jakt, bør ein alltid ha ein reservekniv i sekken. Dette kan godt vere ein flåkniv, t.d. EKA Swingblade. Denne er uansett god å ha skarp og god til evt. slakting.

2. Fyrstikker og tyriflis/never. Det er ikkje triveleg å skulle starte matpausen og ikkje få fyr i bålet. Med tyriflis eller tørr never i sekken får du alltid fyr, uansett forhold.

3. Førstehjelpssaker. Det aller viktigaste er plaster/kompressar, strips (til kuttskader) og enkeltmannspakke. I tillegg har eg alltid med gnagsårplaster og sportstape.

4. Lykt. Ei lita hovudlykt kan redde situasjonen om du mørknar ute under jakt, eller må slakte i dårleg lys på slutten av dagen. Også grei å ha i leiren/hytta kveld og morgon.

5. Hundeband. I tilfelle du må koble hunden under jakt (sjølv om du ikkje er hundeførar), og vel så ofte til andre ting, som t.d. opphenging av vilt.
















Andre ting som kan berge ein lei situasjon: Lite diamantbryne, ekstra batteri (til lykt, GPS, el. høyrselsvern, kamera osb.), forsvarets headover i tjukk ull (kan også brukast som handvarmar på post, sitteunderlag og mykje anna) og nokre meter sterkt snøre (til diverse reperasjonar og anna).   

onsdag 9. mars 2011

Vinterjakt i Finnmark

Sist veke sette eg kursen nordover. Langt nordover. Vel framme vart eg møtt av min gode jaktkamerat Adrian, som alt var på plass saman med Trine og Erlend. Første kvelden vart det servert elggryte, Mackøl (utan måsegg) og spekemat av både elg, hare og rype. Trass varierande vermeldingar, var forventningane store for den foreståande hare- og rypejakta.

Kratt og stein. Fint terreng for harejakt med rifle:
Første jaktdag delte vi oss i to, og begge grupper kom heim med god fangst av hare.

Fjellhare. I bakgrunnen ser ein Indre og Ytre Akkarfjord:
Med unntak av ein dag då vi låg verfaste i storm, kom vi oss ut alle dagar. Etter som dagane gjekk vart meir vilt hengt opp til mørning. Eg var så heldig å få nedlagt både lirype, fjellrype og hare, frå no av kjent som "The Sørøya Macnab".

To raske:

Lagopus lagopus:

Lagopus muta:
Eg jakta med 6.8mm Remington SPC, og brukte 90grs Sierra HP i moderat hastigheit. Skoteffekten var god, og dei fleste slakta var også fine. Harane datt fort også ved treff bak bogen. Rypene eg skaut var skote i "maskinrommet" og brysta vart difor berga. Men til rype er nok heilmantlar framleis å foretrekke. I tillegg til "smygjakt" med rifle gjennomførte vi også ein del drev med hagler i dei tette bjørkekratta. Dette gav også gode resultat.
Må også nemne at eg på denne turen testa eit par nye Bigfoot truger. Stegjarna på desse var heilt flatbenda etter kort tids bruk i varierande terreng. Held meg nok til Tubbs ja!
Alt i alt hadde vi ein svært triveleg tur. Mindre triveleg var det å kome heim, då det viste seg at SAS hadde øydelagt våpenkofferten min, i tillegg til at eg hadde hatt innbrot i bilen.

søndag 27. februar 2011

Jaktvåpen: BRNO ZH47 - 16/70

Då eg byrja å jakte som 16-17åring arva eg denne sideliggaren etter morfar min. Desse børsene vart det selt mange av for nokre tiår sidan, og har trass middels prisklasse ekte sidelås. Gjennom åra har eg jakta både med over/under- og pumpehagle, men som regel endar eg med ein eller annan sideliggar, iallfall når det gjeld jakt på rype, hare og skogsfugl. Børsa var opprinneleg nokså trong, så eg fekk opna den til ½ og ¼ trongboring, som eg syns er fint til assortert fuglejakt. Eg er akkurat så gamal at eg fekk med meg nokre år med blyhagl før det forhatte forbodet kom. Til rypejakt gjekk det då ofte i Rottweil Weidmannsheil eller Nitedals Spesial med hagl nr. 5 eller 6. Etter forbodet kom er utvalet av haglskot i kaliber 16 nokså redusert. Stort sett har eg brukt Eley Vismuth.

BRNO kaliber 16 og smakfull fangst, ei fin hannjerpe:


Minner med denne sideliggaren er det mange av, særleg knyt til mine første opplevingar i fjellet eller fjellrypa. Men det er nok ei seinare jakt eg hugsar aller best. Det var første dagen i den opne skogsfugljakta i Østerdalen i 2007. Det var også min første dag på ekte skogsfugljakt nokon gong, ettersom skogsfuglterreng er sjeldne på mine heimtrakter. Etter nokre situasjonar der fuglen var vekk før eg rakk å få børsa til skuldra, kom eg opp ei slak li med spreidde myrområde. Idet eg kom opp på ei ny lita myr flaksa det til framfor meg, og eg fekk eit fint sideskot på fuglen, som datt i bakken. Eg sprang fram, og kunne jublande konstatera at mi første røy var sikra. Og sidan har eg elska skogsfugljakt!

lørdag 26. februar 2011

Jaktvåpen: Remington 700 - 7mm RM

Mi første rifle til jaktbruk kjøpte eg 16 år gamal, ei boltrifle i kaliber 7mm Remington Magnum med det fulle modellnamnet Remington 700 BDL Long Action Stainless Steel Detachable Magazine (700LA BDL SS DM). Valet av kaliber var ganske tilfeldig, ettersom eg var i marknaden for ei rifle for generell storviltjakt, og fekk eit godt tilbod på denne. Børsa har frå starten vore brukt nesten utelukkande med ein Hausken standard lyddempar. Optikken har variert, men på jakt har eg stort sett brukt ein Smith & Bender Klassik 3-12x50 med tysk 4-retikkel. 7mm’en har vore brukt på mykje assortert jakt, frå måsar i fjøra til vortesvin, antiloper og gnu i Sør-Afrika. Mest har eg brukt den til norsk storviltjakt, altså sel, elg, hjort og rein. Kulevalet har også variert ein del, mest vilt er felt med 120grs Hornady V-Max, 140grs Nosler Accubond og 160grs Nosler Partition. Mange meiner at i slike kaliber er det berre dei mest solide kulene som er brukbare, men for min del har skoteffekt alltid vore like viktig som perfekte slakt. Ikkje kan eg hugse å ha hatt så mange stygge slakt heller, skot bak bogen går som regel fint rett gjennom dyret og bogskot medfører jo alltid litt tap av kjøt.

På jakt etter vortesvin med 7mm Remington magnum:

Med denne børsa skaut eg mine første selar og mine første hjortevilt. Dette er jo alltid minner som festar seg i ei jegersjel, og gjer at eg har eit heilt spesielt forhold til 7mm’en. Eit anna godt minne er ei godt gjennomført smygjakt på råbukk i Skottland. Eg hadde observert bukken nede i ein dal, og turen mot skotplassen gjekk ned ei bratt li gjennom eit tett granfelt, over diverse steingardar, kryping langs ein bekk og til slutt over nokre haugar før eg hadde klar sikt til bukken. Bukken gjorde eit nokså langt utras etter skotet, som hadde treft like bak bogen. Nokon stor bukk var det på ingen måte, men situasjonen var det ingen ting å seie påJ

tirsdag 9. november 2010

Mårfangst

Sidan skogsfuglane tydelegvis har harde kår om dagen, må ein jo gjere ein innsats for å betre dette. Har spent opp 4 mårfeller (Conibear) i dag, så har ein jo ein god grunn for å ta ein tur i skogen med jamne mellomrom:)

Som åte brukar eg kun honning:

Skogsfugljakt i oktober

Fuglejakta i oktober kan kort oppsummerast med at det har vore eit svært dårleg i år i dei områda eg har jakta. Har sett mellom ingen og nokre få fuglar på turane, og då er det ikkje så fristande å skyte på dei få som er heller.

Men det finst då ein og anna tiur i skogen, som har kosa seg i beitefurua:

søndag 3. oktober 2010

Vindfull helg i Trøndelag

Denne helga har eg jakta skogsfugl ved Hegra i Nord-Trøndelag. Veret var bra laurdag og halve søndag, men mykje vind. Laurdagen resulterte i fire fuglesituasjonar, alle var vaksne orrhanar. Kanskje ikkje noko godt teikn for bestanden i området? Eit par av hanane burde nok ha hamna i sekken, men nok om det..Flytta meg laurdags ettermiddag til ein annan del av terrenget, og slo leir der. Natta var fin og stjerneklår, men med krafige vindkast. Vart vel kanskje årets siste natt under åpen himmel..

Morgonstemning i leiren med kaffi på gang.

Søndag jakta eg fram til to utan ein einaste observasjon. Då kom regnet i tillegg til vinden og eg tok på heimveg. Ser diverre sørgeleg ut for skogsfuglen i dette området i år. Vi får håpe eg berre leita feil plass!