mandag 24. september 2012
Skogsfugljakt i september
Orrhane, ein stor fin kylling!
Siste helga overnatta eg ved tyribålet i skogen, og fekk ein fin start på søndagen då eg fekk besøk av rådyrgeit med tvillingkje under morgonkaffien:) Seinare på dagen vart eg lurt av tiuren fleire gongar, men vi treffast nok att i oktober!
fredag 27. april 2012
Bukkejakt i Skottland
Andre morgonen var det skikkeleg grisevêr, med slagregn og vind. Trua var difor ikkje den største på veg ut. Men då eg kom til posten eg hadde planlagt å ta utgangspunkt i, var det allereie ei geit ute. Kort tid etter fekk eg auge på ein bukk i bast, som eg skaut på ganske kort hald. Første bukk med 6.8 SPC gjekk rett ned i smellen:
Litt viltpleie må ein jo også drive med når sjansen byr seg:
Etter denne starten gjekk det litt tråare nokre dagar. Hadde nokre økter utan å sjå dyr, og nokre der eg kun såg geiter. Ein morgon kom eg smygande oppover ein ganske smal elvedal, då eg fekk sjå eit dyr under ei gran. Sneik meg fram nærast nede i elva, men då eg kom inn på kort hald såg eg det var ei geit. Sette meg til å vente ei stund, og brått vart geita uroleg. Ho sprang ut nokre meter, og fram kom også ein liten bukk. Eg skjønte at her var tida knapp, så eg heva rifla raskt, fann bogen og skaut. Eg vart svært overraska då eg ikkje kunne finne verken hår eller blod på skotplassen. Eit kort ettersøk seinare samme dag bekrefta at dette nok vart ein rein bom. Fryktelig irriterande, men slikt skjer.
Nokre bilete frå området:
Tida gjekk, og siste kvelden hadde eg framleis berre ein bukk å vise for meg. Men eg har alltid trua, og måtte ein tur ut siste morgonen også. Var på post litt før 6, og 0620 fekk eg auge på eit dyr nede på ei flate. Ein rask kikk i kikkerten bekrefta at dette var ein bukk! Ikkje før hadde eg tenkt tanken før eg fekk sjå endå eit dyr kome ut på flata. To bukkar! Så stille som mogeleg sneik eg med ned i ein liten elvedal, og opp på haugen på andre sida. Då eg kom fram kunne eg berre sjå ein bukk, som eg trur var den minste av dei to. Sidan det var siste dagen tok eg ingen sjansar, og skaut den bukken eg kunne sjå. Han datt i smellen, og turen fekk ein lukkeleg slutt:
Alt i alt vart det ein super tur, med triveleg vertskap om i hovudsak gode jaktopplevelsar. Vart nok ikkje siste tur til Skottland dette heller!
lørdag 27. august 2011
Reinsjakt 2011
onsdag 18. mai 2011
Remington 700 – 6.8 Remington SPC
mandag 21. mars 2011
Jaktsekken
Andre ting som kan berge ein lei situasjon: Lite diamantbryne, ekstra batteri (til lykt, GPS, el. høyrselsvern, kamera osb.), forsvarets headover i tjukk ull (kan også brukast som handvarmar på post, sitteunderlag og mykje anna) og nokre meter sterkt snøre (til diverse reperasjonar og anna).
onsdag 9. mars 2011
Vinterjakt i Finnmark
Kratt og stein. Fint terreng for harejakt med rifle:
Fjellhare. I bakgrunnen ser ein Indre og Ytre Akkarfjord:
To raske:
Lagopus lagopus:
Lagopus muta:
søndag 27. februar 2011
Jaktvåpen: BRNO ZH47 - 16/70
BRNO kaliber 16 og smakfull fangst, ei fin hannjerpe:
Minner med denne sideliggaren er det mange av, særleg knyt til mine første opplevingar i fjellet eller fjellrypa. Men det er nok ei seinare jakt eg hugsar aller best. Det var første dagen i den opne skogsfugljakta i Østerdalen i 2007. Det var også min første dag på ekte skogsfugljakt nokon gong, ettersom skogsfuglterreng er sjeldne på mine heimtrakter. Etter nokre situasjonar der fuglen var vekk før eg rakk å få børsa til skuldra, kom eg opp ei slak li med spreidde myrområde. Idet eg kom opp på ei ny lita myr flaksa det til framfor meg, og eg fekk eit fint sideskot på fuglen, som datt i bakken. Eg sprang fram, og kunne jublande konstatera at mi første røy var sikra. Og sidan har eg elska skogsfugljakt!





